tirsdag 19. juni 2007

Eksamenskarakteren=)

No er eksamenskarakteren kommet og eg fekk ei oppleving eg ikkje trudde eg skulle få! Eg har drøymd lenge om at eg skulle få D, men det skjedde ikkje. I dag morgens skulle eg inn på nettet og sjekke karakteren og turde knapt å sjå. Der stod karakteren så blank og fin og skinte mot meg. (= B =) Eg trur eg er den lykligaste jenta på jorda akkurat no! HURRA!!! Hadde aldri trudd at eg skulle få B!

mandag 18. juni 2007

Nye oppdagingar=)

I går gjorde eg to ting eg aldri har gjort før, og det var faktisk kjekt!! først raka vi tørrhøy. eg raka sikkert i 2 timar, imponerende for å vere meg meiner eg no gjølv ihverfall! vi raka medan pappaen til Runar kom med troktoren og henta alt vi hadde raka=) uheldigvis fekk eg ein allergisk reaksjon utover kvelden:( men eg kjem til å rake meir viss dei spør meg=)

den andre hendinga var utrolig søt. Eg og Runar "besøkte" tåtelammene på garden.. og vi kosa og klappa på dei kjempelenge! ååå... eg oppkalla den eine sauen etter meg fordi den var den finaste eg nokon gong har sett.. eg skal prøve å få tatt eit bilete av den=) dei sutta også på fingen min, men det ga vi oss med når den eine beit Runar i fingen så han begynte å blø:( då turde eg ikkje lengre.. eg ville jo ikkje at dei skulle bite meg og så hardt!!

onsdag 13. juni 2007

Ferieaktivitetar

Kva bedriv eg sumaren med for tida? Eg jobbar og slapper av! haha.. nei litt meir gjer eg og! Eg har faktisk begynt å male hus! Eg hadde aldri førestilt meg ein slik sumar tidlegare i vår men det er kjekt! Innimellom all jobbing og måling kjøyrer eg og litt 4hjuling! Det er kjekt det, oppe i skogen! haha!! eg må innrømme det var litt skummelt den gangen eg holdt på å dette av og fekk brannsår på foten!!! menmen.. ein må ofre litt for morsomheita også!!

onsdag 6. juni 2007

Sumarferie!!!

Endeleg sumarferie og har faktisk hatt det snart ei veke! men ferie = jobbing=) eg trivast kjempegodt i omsorgsbustadane i Hornindal og her skal eg fortsette å jobbe til eg er ferdig med utdanninga mi! Hurra..

Ï dag står det pastasalat på menyen så eg må på butikken i dag=) og som den sprekingen eg er så syklar eg! hurra!

onsdag 30. mai 2007

Min kaktus!



Eg må desverre informere dykk om at min kjære kaktus som har følgt meg dei siste fem åra har gått bort. Eg beklager Ida, at eg ikkje har tatt godt nok vare på den:( Andre kjøper ny hund eller katt når den forrige dør, eg kjøper meg ny kaktus, men eg vil alltid savne den! Den var så vakker.. like før den døde holdt den på å blomstre. Den var blitt raud på toppen og eg passa på den som ein liten baby. Som alle veit treng kaktusar mykje omsorg i blomstringsfasen og det fekk den! Vatn når den var tørr og lys frå skrivebordslampen hee dagane når eg var på skulen. Døden inntraff da eg skulle legge meir jord under den fordi den halla mykje til den eine sida. Eg var ikkje på vakt og skilte den frå rota:( det var ikkje med vilje. Eg er ingen drapskvinne!!


Her kjem bilete frå før og etter hendinga:

Info til brukarar av kommentarfunksjonen!

Som dykk sikkert allereie har merka skriv eg i denne bloggen på landsmålet vårt (nynorsk). derfor oppmodar eg dykk til å skrive på dette fagre målet når dykk eventuelt vil kommentere noko av det eg skriv.

Takk på førehand!
Heisann=)



Eg har no fått meg blogg av den enkle grunn at eg gjer alt anna enn å lese til eksamen om knappe 2 dagar:S Bedre å sitje forran dataen enn å vaske og rydde, noko som faktisk er eit relativt alternativ nr to etter dataen og tv`n!



Ynskjer meg sjølv lykke til på peddn og håpar eg slepp å ta den oppatt til hausten!