onsdag 30. mai 2007

Min kaktus!



Eg må desverre informere dykk om at min kjære kaktus som har følgt meg dei siste fem åra har gått bort. Eg beklager Ida, at eg ikkje har tatt godt nok vare på den:( Andre kjøper ny hund eller katt når den forrige dør, eg kjøper meg ny kaktus, men eg vil alltid savne den! Den var så vakker.. like før den døde holdt den på å blomstre. Den var blitt raud på toppen og eg passa på den som ein liten baby. Som alle veit treng kaktusar mykje omsorg i blomstringsfasen og det fekk den! Vatn når den var tørr og lys frå skrivebordslampen hee dagane når eg var på skulen. Døden inntraff da eg skulle legge meir jord under den fordi den halla mykje til den eine sida. Eg var ikkje på vakt og skilte den frå rota:( det var ikkje med vilje. Eg er ingen drapskvinne!!


Her kjem bilete frå før og etter hendinga:

2 kommentarer:

-Ida- sa...

neimen...skal sei! har du fått deg blogg?! KONGE
kjekt å sjå, no kan me følge med i svingane.
Eg tykkje det er heilt på sin plass at du bloggar på landsmålet!

når det kjem til det at din kjære, gamle kaktus har falt i frå kan eg ikkje sei ant enn at det var trist...eg veit du holdt svært av den...men du har jo hatt den hinsides lenge, vakje det i 9ende eller nåkke du fekk an av meg?
eg skla kjøpe ein ny te deg neste gang me sjåast;)

og no legg eg deg til på bloggen min=)

Marie Bortheim sa...

no blei eg takksam=) men ny kaktus kjem i hus på lønningsdagen! veit ikkje korleis eg skal klare meg utan den til 12 juli:(