onsdag 30. mai 2007

Min kaktus!



Eg må desverre informere dykk om at min kjære kaktus som har følgt meg dei siste fem åra har gått bort. Eg beklager Ida, at eg ikkje har tatt godt nok vare på den:( Andre kjøper ny hund eller katt når den forrige dør, eg kjøper meg ny kaktus, men eg vil alltid savne den! Den var så vakker.. like før den døde holdt den på å blomstre. Den var blitt raud på toppen og eg passa på den som ein liten baby. Som alle veit treng kaktusar mykje omsorg i blomstringsfasen og det fekk den! Vatn når den var tørr og lys frå skrivebordslampen hee dagane når eg var på skulen. Døden inntraff da eg skulle legge meir jord under den fordi den halla mykje til den eine sida. Eg var ikkje på vakt og skilte den frå rota:( det var ikkje med vilje. Eg er ingen drapskvinne!!


Her kjem bilete frå før og etter hendinga:

Info til brukarar av kommentarfunksjonen!

Som dykk sikkert allereie har merka skriv eg i denne bloggen på landsmålet vårt (nynorsk). derfor oppmodar eg dykk til å skrive på dette fagre målet når dykk eventuelt vil kommentere noko av det eg skriv.

Takk på førehand!
Heisann=)



Eg har no fått meg blogg av den enkle grunn at eg gjer alt anna enn å lese til eksamen om knappe 2 dagar:S Bedre å sitje forran dataen enn å vaske og rydde, noko som faktisk er eit relativt alternativ nr to etter dataen og tv`n!



Ynskjer meg sjølv lykke til på peddn og håpar eg slepp å ta den oppatt til hausten!